Tilbake til alle arrangementer

Avlyst: Vestlandscup i Florø

  • Florahallen 4 Havrenesvegen Florø, Sogn og Fjordane, 6900 Norway (kart)

Vestlandscupen i Florø er diverre avlyst. Trass i god påmelding vart det for få deltakarar i kvar klasse og difor ikkje mogleg å arrangere konkurranse.

I staden vil vi oppfordre alle som vil til å melde seg på Nordfjord Taekwondo-klubb sin jubileumssamling og treningshelg 27.-28. oktober. Her blir det trening av høg kvalitet med Grandmaster Cho Woon Sup og Master Anna Kim. Absolutt anbefalt!

Som plaster på såret for avlysinga i Florø, vil Florø Taekwondo spandere påmeldingsavgifta for alle våre medlemmar som har betalt kontingent i 2018. Påmeldingsavgifta inkluderer mat og overnatting på skule.

Dei som vil delta melder seg på via skjema her seinast søndag 21.10. Alle betaling vil gå via Florø Taekwondo.

————————————————————————————————————————————————-

Florø Taekwondo har gleda av å invitere til Vestlandscup i Florahallen laurdag 27. oktober 2018

Vestlandscup er eit kjekt og sosialt stevne for barn og vaksne, der deltakarane konkurrerer i mønster og/eller kamp. Meld deg som deltakar eller bli med som tilskodar. Gratis for tilskodarar – sal av mat og drikke i kiosken. Alle er velkomne til felles taco laurdags kveld!

Dei som kan konkurrere er vaksne og barn ned til 8 år (må fylle 8 i 2018). Ingen beltekrav, men for kamp er minimum gult anbefalt. Dette er ein flott sjanse til å prøve seg for fyrste gong i kjende omgjevnader!

Påmelding: Deltakarar frå andre klubbar melder på via eigen klubb. Deltakarar frå Florø Taekwondoklubb melder seg på via skjema her.
Påmeldingsfrist: Fredag 5. oktober
Pris: Prisen varierar med alder og konkurranseform. For medlemmar i Florø Taekwondoklubb spanderar klubben deltakaravgifta i 2018!

Taco-kveld på ungdomsskulen laurdag kveld – kr 100,- per pers. NB! Bindande påmelding seinast onsdag 24.10 – bruk same skjema som ved påmelding for deltakarar. Her er heile familien velkommen!

Vi vil gjerne ha fleire frivillige som kan hjelpe til før, under og etter vestlandcupen. Meld deg som frivillig her.

Spørsmål? Bruk post@taekwondoklubben.no