Når det kjem til gradering i Florø Taekwondo Klubb, kan vi dele graderingane inn i 3 typar:

  • Tiger gradering, er for dei yngste barna i klubben, dei som går på Tiger partiet.

  • Cup gradering, er gradering for farga belter.

  • Dan gradering, er gradering for svartbelter.

Følg oss på facebook:


Tiger gradering

Tigergraderinga handlar om å premiere barna på Tiger partiet for innsatsen det siste halvåret. Vi har 4 grader for tigrane. Har ein trent eit halvt år, vil ein oppnå kvit tigerstripe. Neste halvår oppnår ein oransje stripe, etter 1,5 år lilla stripe og etter 2 år oppnår ein svart tigerstripe.

Har ein oppnådd svart tigerstripe, vil neste gradering (som er cup gradering) gå opp til gult belte.

Der er ingen påmelding til tigergradering, og heller ingen avgift.


Cup gradering

Cup gradering i TTU krever at ein master er tilstede ved graderinga. Barn og voksne har i utgangspunktet same pensum til cup gradering, men barna treng litt mer tid for å modnast og har derfor barnegrader .Vi gjennomfører normalt klubbens cup gradering som ein samling med trening og gradering gjennom ei heil helg. Klubben arrangerer cup gradering 2 gangar i året, i januar og mai/juni. Har ein rødt belte må det gå 6 måneder mellom kvar gradering, men på de øvrige gradene må det gå 3 månader mellom kvar gradering.

Det er frivillig å gradere, men einmå fylle visse krav for å få tillatelse til å gradere. Vi har ulike krav til voksne (12 år +) og barn som du kan lese mer om på lenkene nedenfor.
Tilfredsstiller ein krava til gradering og har betalt medlemskap, kan ein melde seg på og betale via vår nettbutikk.


Dan gradering

Dan gradering gjennomførast på TTUs Nyttårs-, Sommer- eller Vinterleir.

For å gradere til Dan, må ein delta på Dan seminar. På Dan seminar gjennomfører ein teoriprøve og fysisk test. Deretter må en ein bli innstilt til gradering av ein Master. Skjema som skal fyllast ut finn ein på sida der ein melder seg opp til Dan gradering. Sjå lenka nedanfor.